Åse Gruda Skard

Åse Gruda Skard vart fødd 2. desember 1905 i Kristiania. Ho døydde 13. august 1985 i Bærum. I 1933 gifta ho seg med litteraturforskaren Sigmund Skard og dei hadde fem born i lag.

I 1931 tok ho magistergraden som den aller første i Noreg som fullførte eit høgare akademisk studium i psykologi, og den fjerde kvinna som tok ein magistergrad ved Universitetet i Oslo. Materialet for magisteravhandlinga Er det skilnad på uttrykksmåten hos gutar og jenter?, som først var presentert på fransk, samla ho ved studieopphald i Paris  i åra 1928–29

Åse Gruda Skard var i første rekke pioneren for moderne barneoppseding i Noreg og den som meir enn nokon annan på 1900-talet gjorde barndommen til eit både fagleg og politisk tema. Gjennom talrike bøker, artiklar og foredrag understreka ho barns behov for tryggleik og for vaksne som tek ansvar, og ho peika på at barna har behov for lover og grenser som både barn og vaksne må bøye seg for. Samstundes var ho ein sterk talsmann for at oppseding til demokrati berre kan foregå på ein ikkje-autoritær og demokratisk måte.

Etter eit studieår i USA, der ho fekk kontakt med mange av dei fremste psykologane i tida, fekk ho 1933 arbeid som vitskapleg assistent ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Like etter starta ho arbeidet ved Mentalhygienisk kontor i Oslo, der ho fekk høve til å arbeide direkte med vanskelegstilte barn. I 1938 søkte Åse Gruda Skard eit professorat i pedagogikk ved Noregs lærarhøgskole. I visse krinsar vart det møtt med uvilje og harme. Hennar psykologiske synsmåtar var omstridde. Eit radioforedrag 1938, Korleis ter verda seg for barna, vekte særleg debatt. Her peika ho mellom anna på at barn har eigne tankar og kjensler og ser verda frå eit anna synspunkt enn vaksne. Ho fekk ikkje professoratet, men ei stipendiatstilling i Trondheim, og saman med familien budde ho der til krigsutbrotet 1940, då dei drog til Sverige og sidan vidare til USA. Her heldt ho i krigsåra over 300 foredrag og var ein god ambassadør for Noreg. 1945 var ho som norsk delegat med på førebuinga av UNESCO.

Åse Gruda Skard var dosent i psykologi ved Universitetet i Oslo 1947–73, og i mange år var ho leiar for Psykologisk institutt og drivkraft for oppbygginga av studie- og fagmiljøet. I særleg grad stod ho i brodden for utviklinga av den utviklingspsykologiske delen av studiet. Dei første tre åra etter krigen var ho formann i Norsk psykologforening, og 1952–55 var ho formann for Oslo Mentalhygienisk Forening. Ho var med på å skipe Norsk samband for Småbarnsoppfostring og var frå 1957 rådsmedlem i den internasjonale organisasjonen for småbarnsoppfostring (OMEP). 1962–68 var ho verdspresident i organisasjonen og fekk i denne rolla eit internasjonalt ry.

I 1930-åra starta Åse Gruda Skard studiesirklar for arbeiderkvinner om barns psykologi og oppseding. I arbeidarrørsla, på møter, i kringkasting, fjernsyn, dagspresse og i populærvitskaplege bøker var ho i fleire tiår den sentrale talspersonen for barnas sak her i landet. For det store opplysningsarbeidet, der ho makta å omsette psykologisk kunnskap til eit språk som folk forstod, fekk ho 1976 Forskingsrådets pris for popularisering av psykologisk vitskap. 1980 vart ho utnemnd til heidersdoktor ved Universitetet i Bergen, og same året vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Bearbeidd og redigert med utgangspunkt i tekst skriven av Edvard Befring i Norsk Biografisk Leksikon

Bibliografien syner at Åse Gruda Skard publiserte nærmere 2000 artiklar i ulike tidsskrift og skreiv 24 bøker. Her eit utval:

  • Étude d’un test d’imagination sur des écoliers Parisiens, mag.avh. UiO, 1931
  • Mentalhygiene i klassa, i Ki&K 1933, s. 350–363
  • Pedagogisk psykologi (sm.m. K. Grude Koht), 1937
  • Oppseding til menneskevyrdnad, 1938. i Norsk pedagogisk tidsskrift nr. 2/1986
  • Barn i vardagslivet. Spädbarn, småbarn, skolbarn, Stockholm 1940 (norsk utg.Barn i dagliglivet, 1947, 2. utg. 1960)
  • Ungene våre, 1948
  • Hva kan vi vente av barn på ulike alderstrinn, Sosialdepartementets småskr. 1, 1954 (11. opplag 1986)
  • Disiplin i heimen. Forsøk på utviklingsmessig oppdragelse, Sosialdept.s småskr. 3, 1956 (3. utg. 1966, rev. utg. Skal vi sette grenser for barna?, 1976)
  • Barnet i samfunnet. Artiklar i utval, 1965
  • Vanlige vansker med vanlige barn, 1965 (2. utg. 1972)
  • Barn og mat (sm.m. R. Vesje), Sosialdept.s småskr. 12, 1971
  • Praktisk barnepsykologi, 1972 (2. utg. 1980)
  • Liten blir stor. Tolv artiklar om barn, foreldre og samfunn, 1973
  • Liv laga. Ei minnebok 1905–1940, 1985
  • Menneske vi møtte (sm.m. S. Skard), 1985
  • Fulle hender. Ei minnebok 1940–1985, (posthumt) 1986

Synet på barn

Cristin: Synet på barn

Levevilkår for barn

Cristin: Levevilkår for barn