Prosjektet rettar søkjeljoset mot to obligatoriske matematikkfag i grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Det handlar om lærarstudentar si læring. Det overordna faglege fokuset er på Argumentasjon og Kritisk Matematikkdidaktikk (AKM) i fleirspråklege klasserom. Målet er å få innsikt i kva som fremmer eller hemmar lærarstudentar i å læra om å undervisa i AKM for elevar i fleirspråklege klasserom på barnetrinnet. Prosjektet er delt inn i tre underprosjekt: argumentasjon og språkleg mangfald, argumentasjon og matematisk modellering og argumentasjon og IKT. Denne tredelinga gjer det mogeleg å undersøka korleis lærarstudentar møter utfordringar i tre ulike kontekstar når dei skal undervisa elevar i AKM.
Fleirspråklege klasserom set særlege krav til at lærarstudentar tilpassar undervisinga til elevane sine behov, samstundes som ein er open for dei moglegheitene språkleg mangfald opnar for. Matematisk modellering krev at lærarstudentar kombinerer innhald og didaktikk når dei planlegg og gjennomfører undervising. IKT krev at lærarstudentar tek stilling til korleis digitale læremiddel kan støtta elevar si utvikling av kritisk-matematisk argumentasjon.
Dei tre underprosjekta går parallelt dei fire åra prosjektet varar. Forskingsmetoden baserer seg på samarbeidsforsking mellom lærarutdannarar, lærarstudentar, lærarar og elevar. Ein vil arbeida for å forbetra lærarstudentar si læring gjennom å planlegga, handla og observera i fleire syklar. Desse prosessane skal dokumenterast og analyserast. Resultata vil så kombinerast for å gje å ei omfattande oversikt over faktorar som påverkar lærarstudentar si læring om å undervisa i AKM.